Sauda Musikkkorps

Korps

Sauda Musikkorps, som er eit brassband, starta opp i januar 2018. Me er totalt rundt 20 medlemmer som alle har spelt i korps tidlegare. Målet vårt er å få ein oppsving på korpsmiljøet i Sauda, og det kjekkaste hadde vore å fått til eit skulekorps igjen.

Me speler variert musikk, alt fra populærmusikk til marsjar. Sauda Musikkorps øver kvar 3 søndag, det er då me er samla alle, men me er óg ein gjeng på 8-9 stk som møtes kvar onsdag. Då bruker me litt meir tid på samme repetoaret som blir spilt på søndagane.

Øvingstid er frå kl 19.00 til ca. 21.30 begge dagar.

Thormod Gilje er musikalsk leiar, mens Ingunn Skare er kontaktperson. Me låner ut instrumenter, så du må ikkje eiga instrument sjølv.

Øvingsstad er Eldresenteret.

Ta kontakt med Thormod Gilje på  488 91 666 eller Ingunn Skare på 977 79 926.

Velkommen!