Logo til Sauda Soul Children

Kontaktperson

Grete Kroka Landa

Telefon

Adresse

Mogata 1,
Sauda

Sauda Soul Children

Sang og dans

Sauda Soul Children

Målgruppe: 10-15 år
Øvingar: Onsdagar kl 18-20
Øvingslokale: Betel
Årskontingent: 200 kr
(Kan betalast  på Vipps. Hugs å skriva: “SSC –  barnet sitt namn”)

Me legg vekt på kjekke og varierte øvingar med både sang, litt dans, bli-kjent-leiker og pausar med noko knask. Me øver også på å synga tostemt (alt og sopran). Det er utrolig kjekt og fint når me får det til. Sangane me syng er moderne og fengande, og tekstane handlar om alt frå venner og livet generelt til Gud og himmelen.

Me ønsker at koret skal vera ein open og inkluderande stad å vera for ALLE jenter og gutar i Sauda: Ein stad kor alle kan kjenna seg velkomne og få lov til å utfalda seg. Alle som har lyst, kan for eksempel få prøva å synga solo. Me treng òg jenter og gutar som vil vera med å rigga og styra lyd – så du treng ikkje vera ein sangfugl for å vera med oss på øvingar. Annan kvar onsdag har me halve øvinga samen med dei søte kidsa i Sauda Soul Kids.

I løpet av eit år syng me på gudstenester og andre stader, i tillegg til at me prøver å reisa på ein tur. Me har òg fleire gongar kora tilreisande proffe artistar på ulike konsertar. Det er kjempekjekt. Eksempel på nokon me har sunge med er Anita Skorgan og Vidar Johnsen.

Om du vil støtta arbeidet vårt, så har me vipps (#509379 Sauda Soul Children/Sauda barnegospel).

Kom gjerne innom for å sjekka korleis me har det enten du liker å synga eller ikkje 😉

Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.