Laster Arrangementer

JULEMAGI – Erik og Amelie Aldner

Rådhusgata 42-44,
4200

desember 8 @ 19:00

JULEMAGI

Amelie Aldner, song og piano
Erik Aldner, saxofon

Julekonsert med dei mest elska julesongane!

Frå norske klassikarar som Mitt hjerte alltid vanker og Det lyser i stille grender til svenske og amerikanske juelsongar som O helga natt og White Christmas.

Amelie og Erik Aldner lagar sine eigne versjonar av kjente julesongar med utgangspunkt i stemmen og saksofonen. Repertoaret spenner frå tradisjonelle songar og klassisk repertoar til jazz og pop. Dei lovar at det vert ein stemningsfull og magisk julekonsert!

Amelie Aldner er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule og Operahøgskulen. Frå 2009-2014 jobba ho som solist ved Den Norske Opear og Ballet. I 2017 gav ho ut soloplata «At Midnight Hour og i 2019 var ho del av vokalprogrammet  ved den anerkjente Ravinia-festivalen i Chicago, USA. Dei siste åra har ho satsa meir og meir på karrieren som popsongar og låtskrivar. Amelie er uansett sjanger kjent for sin sterke formidlingsevne og sjelfulle song!

Erik Aldner er utdanna saksofonist frå Noregs Musikkhøgskule. Han er nytenkande som artist og er driven i mange ulike sjangrar og har spelt alt frå klassisk til pop og prog-jazz. Ein av hans spesialitetar er fri improvisasjon, kor han har ein eigen evne til å skape stemningsfull musikk.

Velkommen til ein magisk julekonsert!

Sauda Kykje
8. desember kl 19.00

Dato

desember 8

Pris

100kr-200kr

Billett

Kjøp billett her!
}

Tidspunkt

19:00 - 19:00
Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

JULEMAGI – Erik og Amelie Aldner