Laster Hendelser

Kjartan Fløgstad med band

Konsert

fløgstad.jpg

Kjartan Fløgstad held fram med å overraska og imponera oss. Denne gongen med Kjartan Fløgstad Band (KFB)

Bandet består av forfattar Kjartan Fløgstad, forfattar og journalist Tom Stalsberg, bassist og songar Steinar Raknes og Stian Carstensen på trekkspel, banjo og resten av instrumenta dei nyttar. KFB tar utgangspunkt i Fløgstad sine poetiske tekstar, samla i boka Sandharpesongar, med nylaga musikk av Raknes og Carstensen. Ein saleg miks av kortreiste og langreiste tonar frå amerikanske jukeboksar, landskappleik og buskspel til  jazzklubb, blues-bule, katedral og høgfjell.

Kjartan Fløgstad sin siste roman, Due og drone, vil det bli eit lett bokbad av i tillegg til konsert med song, opplesingar, skrømt, alvor og kanskje eit og anna ordspel. Forfattarane har også med seg nye tekstar om aktuelle tema.

Detaljer
Dato: 23. januar
Tid 19:00
Kategori: Konsert
Billetter: Kjøp her

Arrangere noe?

Skal du arrangere noe i Sauda som du mener andre bør vite om? Registrer ditt offentlige arrangement her eller send info på e-post til [email protected], så skal vi få det på plass i kalenderen!