Laster Hendelser

Konsert, Tom Roger Aadland og Tove Bøygard

Konsert

To av landets mest kritikarroste artistar dei siste åra står snart saman på scenen i Folkets Hus.

Under konsertene vil me få komma tett på artistane  Tove Bøygard  og Tom Roger Aadland når syng og samtalar om songane  som har betydd mest for dei.  Begge er dei  kjende  som musikalske historieforteljarar av rang, og det ligg mykje levd liv bak songane deira.

Tove Bøygard blir omtalt som «en formidabel artist, tekstforfatter og låtskriver» og eit samla pressekorps har gitt det nye albumet hennar «Jord» terningkast fem og seks.
Tove er kjent for sine energiske konsertar, og lanseringsturneen for «Jord» gjekk for fulle hus.

Tom Roger Aadland blei lagt merke til for alvor då han gav ut Dylan på nynorsk-plata «Blod på spora». Oppfølgeren «Blondt i blondt» blei kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk i 2016. Same året skreiv han mange av tekstane på Hellbillies’ albumsuksess «Søvnlaus» (låten «20 år på vegen» nærmar seg 4 millionar strømmingar). Tom Roger har gitt ut fem kritikerroste album med eigne låtar.

Bøygard og Aadland har til saman fjorten plateutgivelsar bak seg. Men dei nøyer seg ikkje med å syngja gamle songar når dei legg ut på turné saman. Nå i haust kjem singelen «Farten til lyden av einsemd», ein flott versjon av klassikaren «Speed of the Sound of Loneliness», og dei er også  i full gang med å skriva nye originallåtar som dei tar med seg til Sauda. Med seg på scenen har dei  keyboardisten Asbjørn Ribe, kjent frå bandet Jim Stärk og for flotte soloalbum.

Formidlingsevne og nærvær er ord som går igjen i når Bøygard og Aadland blir omtalt etter konsertar.  Begge har vore  ute ei vinternatt før, og dei er klar over at tyngde og alvor må balanserast av humor og hjartevarme.

Detaljer
Dato: 13. mars
Tid 19:00
Kategori: Konsert
Pris: 350 ,-
Billetter: Kjøp her
Hjemmeside: Klikk her
Sted
Lokasjon: Folkets hus, Storesal
Adresse: Kyrkjegata 19
4200, Sauda

Arrangere noe?

Skal du arrangere noe i Sauda som du mener andre bør vite om? Registrer ditt offentlige arrangement her eller send info på e-post til [email protected], så skal vi få det på plass i kalenderen!