Laster Hendelser

Ope museum

Kultur

På søndag kan du treffa medlemmer frå Sauda sogelaget på Industriarbeidarmuseet i Sauda.

Vi er kjempeglade for samarbeidet vårt med kunnskapsrike og engajserte folk med interesse for Åbøbyen og industrihistoria i Sauda. Dette åleine er ein god grunn til å ta turen til Industriarbeidarmuseet!

Industriarbeidarmuseet ligg i Haakonsgate 51-53 og er innreidd i ein tidlegare fire-familiebolig.

Desse boligane låg nærmast fabrikken og her kunne opptil 15 barn med foreldre bu på to rom og kjøkken. Halvparten av museet er autentisk innreidde husvære i 1920- og 1960-talsstil.

Den andre halvparten av museet består av utstillinga «Under røyken – livet i Åbøbyen». Utstillinga fortel om korleis livet var for dei industriarbeidarar som jobba på fabrikken, den fortel om fabrikken og om Åbøbyen.

Sogelaget står klar til å svara på dine spørsmål.

Velkomen!

Detaljer
Dato: 10. november
Tid 12:00 - 15:00
Kategori: Kultur
Pris: Kr. 60 per person, barn kr. 30, familie (2 foreldre med sine barn) kr 150 Gratis for medlemmer i Venneforeinginga til Ryfylkemuseet.
Billetter: Kjøp her
Sted
Sted:
Adresse:
4200, Sauda Norge
Arrangør
Arrangør: Ryfylkemuseet
Telefon: 52 79 29 50
Hjemmeside: Klikk her

Arrangere noe?

Skal du arrangere noe i Sauda som du mener andre bør vite om? Send info på e-post til [email protected], så skal vi få det på plass i kalenderen!

Del dette: