Laster Hendelser

Randi Tytingvåg Trio

Konsert

Randi Tytingvåg Trio er klare med sitt nye album. Deii skal snart ut  på turnè og til Storesalen på Folkets Hus kjem dei  21. september med konserten dei har kalla: The light you need exists.

Randi Tytingvåg er kjent for mange her i Sauda, blant anna frå julekonsertane ho har halde i kyrkja i lag med Britt-Synnøve Johansen, Hanne Sørvaag og Knut Aabø. Nå er trioen hennar, som forutan Tytingvåg består av Dag Vagle på gitar, vokal og kor og Erlend E. Aasland på tenorgitar, banjo, mandolin og kor,  klare med nytt album.  Saman har dei skapt ein unik Norwegicana sound; inspirert av den mangfaldige amerikanske tradisjonen og sine eigne norske røter. Dette er nært og ekte! Tett samspel og vokale harmoniar har blitt trioen sitt viktigaste varemerke. Dei opptrer som eit lite kammerorkester.

På tekstsida har Tytingvåg inngått eit spennande samarbeid med jærdiktaren Helge Torvund. Dette samarbeidet har vore spennande og inspirerande, og viser nye sider ved dei begge. Ja, Helge Torvund skriv rett og slett på engelsk. Tekstane skildrar menneskelege stemningar, hjartesorg, jubel, enkle naturgleder og kvardagsliv. Songane blir knytte saman av ei felles grunnhaldning som går gjennom det heile. Dei to kunstnarane har begge eit sterkt ønske om at lyset skal skina gjennom arbeidet deira. Den er deira felles “Holy ground”.

Detaljer
Dato: 21. september
Tid 19:00
Kategori: Konsert
Pris: 250 ,-
Billetter: Kjøp her
Sted
Sted: Folkets Hus: Storesal
Adresse: Skulegata 20
4200, Sauda
Telefon: 52 78 62 40

Arrangere noe?

Skal du arrangere noe i Sauda som du mener andre bør vite om? Send info på e-post til [email protected], så skal vi få det på plass i kalenderen!

Del dette: