Laster Arrangementer
Regjeringsskifte: Ny giv for distrikts- og industripolitikken?

Regjeringsskifte: Ny giv for distrikts- og industripolitikken?

Skulegata 20,
4200

oktober 13 @ 19:00

Tour de KÅKÅ|nomics, debatturnéen som kvart år drar rundt om i Rogaland i forkant av økonomifestivalen KÅKÅ|nomics i Stavanger, er i år utvida til fem stader: Sauda, Haugesund, Bryne, Sandnes og Egersund.

På kvar av stadene skal me debattera tema med lokal relevans, men som også har interesse for eit større publikum. Dei som ikkje kan vera til stades i salen, kan følgja debattane på nett, enten på www.kknomics.no eller på nettsidene til lokalavisene me samarbeider med.

TEMA FOR DEBATTEN I SAUDA
«I Sauda har me skiftarbeid og gammal industri», syng Bjørn Eidsvåg og Reidar Brendeland. Og Kjartan Fløgstad har udødeleggjort Sauda som sjølve arketypen på det vestlandske industrisamfunnet. Ennå brenn elden friskt på smelteverket, men arbeidsplassane er færre enn før, og folketalet har gått nedover. Samstundes er det i ferd med å skje nye ting både i Sauda og i resten av Indre Ryfylke: datasenter, ammoniakkfabrikk, vindmølleproduksjon, hydrogen, havbruk. Eit nytt industrieventyr kan vera under oppsegling, basert på dei rike kraftressursane.
Også politisk har saudabuen gått nye vegar. Den gamle Ap-bastionen har dei siste åra blitt Senterparti-kommune, i takt med distriktsopprøret som har feia over landet.
Står me verkeleg overfor ein ny giv for distrikta? Kan industrien aleine vera lokomotiv for ny vekst, eller må det også offentleg innsats til? Er det berre arbeidsplassar som må til for at samfunn som Sauda skal vera attraktive for ungdommen?
Det er spørsmåla me vil diskutera denne kvelden – og kan det tenkjast ein betre møtestad enn gamle, ærverdige, men nyoppussa Folkets Hus?
Innleiar er Bjørn Egil Flø, forskar, NIBIO. Fleire deltakarar blir bekrefta fortløpande.

Debattleiar: Tom Hetland, kommentator og historikar.
Debatten vil bli streama på nettsidene til samarbeidsavisene til arrangementet, Ryfylke og Suldalsposten.

 

Dato

oktober 13

Billett

Kjøp billett her!
}

Tidspunkt

19:00 - 19:00
Noe gikk galt.
Google Maps ble ikke lastet inn ordentlig på denne siden. Du finner en nærmere teknisk forklaring i JavaScript-konsollen.

Regjeringsskifte: Ny giv for distrikts- og industripolitikken?