• Almannejuvet natt
  • Svandalsfossen fra drone
  • Hovlandsnuten profil
  • Almannajuvet sommer museum

Nasjonal turistveg: Sauda

Sauda har i nyere tid blitt en del av Nasjonal turistveg Ryfylke. I starten var hadde Sauda tre av attraksjonene langs Ryfylke Turistveg, helt nylig har Hovlandsnuten blitt lagt til. Dette gjør at Sauda markerer seg sterkt i Ryfylke. Sjekk ut Peter Zumthors berømte arkitektur i Allmannnajuvet, kjenn kreftene fra Svandalsfossen eller ta en topptur til fantastiske Hovlandsnuten.

Allmannajuvet

Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899. I denne perioden vart det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum. Dei enkle bygningane i juvet er laga i ein industriell byggetradisjon som huser forteljinga om gruvene. Attraksjonen består av eit galleri, gruvekafé, toalett, parkering, stiar og trapper. Kafeen og galleriet i Allmannajuvet er open frå 19. juni – 18. august frå kl. 11.00 – 18.00.

Klikk her for mer informasjon om Allmannajuvet

Arkitekt: Zumthor & Partner (Atelier Peter Zumthor & Partner)

Hovlandsnuten

Dette er en veldig fin tur gjennom støler og beiter fra Risvollia og opp til toppunktet på 931 moh. Skiltet fra “Skeivane”. Allerede fra brua ser du toppen.

Øverst mot toppen er det mer steinete. man runder nuten bak på nordsiden, og får til slutt belønning med fantastisk utsikt mot Saudafjorden.

Hvert år arrangeres Hovlandsnuten Opp som er et motbakkeløp.

Klikk her for mer informasjon om Hovlandsnuten.

Svandalsfossen

Svandalsfossen er eit mektig syn når vassføringa er stor. Trappene med 540 trinn gir nærkontakt med storfossen og den frodige og trolske vegetasjonen som kjenneteiknar området.

Arkitekt: Helge Schjelderup, Arkitektkontoret Schjelderup & Gram

Nasjonal turistveg: Ryfylke

Staden Hellandsbygd er eit eksempel på korleis strukturen i samfunnet vart bygd opp rundt kraftkrevjande industri og tilgang til billig straum. Industrien er også grunnen til at vegen over Saudafjellet ligg nettopp her. Dette var den kortaste og raskaste ruta austover.

Reisa langs turistvegen i Ryfylke er ei reise i kontrastar. Her møter du nakent høgfjell, frodige lier, stupbratte fjellsider og djupe fjordar. Saudafjellet har ein særeigen natur. Den er knudrete, rå og gjenstridig og du kan ta deg i å lure på kva i all verda fekk nokon til å leggje ein veg akkurat her. Ved Svandalsfossen kan du gå i trappene og verkeleg kjenne på både vatnet og kreftene. Nokre gonger har fossen så kraftig vassføring at politiet må trå til og sleppe ein og ein bil gjennom vasskya som dekkjer vegen. Akkurat dette er nesten litt eksotisk. Lengst sør på denne vegen finn du Lysefjorden. Lysefjorden er kanskje på sitt aller vakraste når mørke skyer heng over fjorden og berre slepp små striper av gyllent ljos gjennom. Sidan Ryfylke er ei lang og variert strekning, så kan det være lurt å bruke god tid. Her er det mange stader råd å ta små avstikkarar og ta pausar undervegs, anten du er nysgjerrig på industrihistoria i Sauda eller berre vil oppleve ein av dei flotte strandstadane som til dømes Sand. Langs denne ruta kan du delta på laksesafari og rafting eller leggje ut på ein fottur i skiftande terreng. Kjøreturen gjennom Ryfylke er ei allsidig oppleving på ein røff veg med mange sjarmerande sider.

Vintervarsel: Vegen er stengt. Om vinteren er vegen mellom Helandsbygd og Røldal vinterstengt. Raude flagg i kartet viser kvar strekningen blir stengt. Vegen er normalt stengt i november og opnar igjen i juni.

Informasjon hentet fra Nasjonal Turistveg