Trøkk
Kor
TRØKK er eit rytmisk kor som er prosjektbasert. Koret har ein stor musikalsk bredde, så her er songar for ein kvar smak.
Me syng både a capella og med musikk som piano, eller orkester. Nå sist i 2018 hadde me også eit eige band med kormedlemmer.
Prosjekta startar vanlegvis i august og avsluttast med konsertar i april året etter. Nye medlemmer startar oftast ved oppstarten på hausten. Etter prosjektslutt kan songarane ta seg ein pause for så å kome attende i eit seinare prosjekt. Koret har vanlegvis ei utskifting av medlemmer på + – 10 for kvart prosjekt.
Prosjekta har vore: Bjørn Eidsvåg i 2013, Abba i 2014, Hits i 2015 og 2016, Funcy music i 2017 og 10-års jubileums-konsert med tidlegare songar som Trøkk har hatt pluss nye godbitar i 2018.
Kvart prosjekt har ein prosjektleiar som koordinerer arbeidet mellom dei ulike gruppene, slik som: scenegruppe, rigg og rydd, promotering, kostymegruppe, musikkgruppe, programkomite, billettgruppe og sosialkomite. Alle medlemmer inngår i ei eller fleire av gruppene.
Koret brukar ofte circle songs for å styrke fantasien, intonasjonen, tryggheten og kreativiteten vår.
Dersom Trøkk tek på seg andre oppdrag enn eigne konsertar og julekonserten, vert dette teke opp på demokratisk vis i koret. Eli-Jorun Tangeraas er musikalsk leiar.
Koret har øving måndagar frå kl 1830 til kl 2100 i Nyesalen på Folkets Hus.